| Sandal har tillhøyrt
Hamrekyrkja,
truleg så langt attende som garden har eksistert.
Den fyrste skriftlege kjelda om eigartilhøve
har me frå kring 1350, og der står Sandal oppført blant
kyrkja sine eigedomar. Brukarane måtte venta heilt til 1834 og 1839
før dei fekk kjøpa bruka sine. Første del av namnet
kjem av det gamalnorske
ordet ”sandr” som tyder sand.
Sandal ligg på Osterøy
utanfor Bergen. Osterøy
er nordens største innlandsøy.
Sandal gard består av eit gamalt hus frå 16oo-talet, truleg
det eldste huset på Hamre.
Huset blei delt då våningshuset me bur i blei bygd i 1920-talet,
og den eine delen av gamlahuset blei ei av stovene i det nye. Det er eit
typisk vestlandshus
med kjøken i midten og ei stove på kvar side.
Driftsbygningen blei bygd på 1950-talet og er og typisk for den
tida.
Elles har me ein stor garasje og eit drivhus.
Eigedomen er på ca. 200 dekar.
|