![]() |
SANDAL-GARD |
|||||
|
||||||
|
|
Nyhende |
|
2010 Me hadde kvit jol, men snøen ser ikkje ut til å forsvinne. Det snør og snør, og det er både til kos og ergrelse.
Medan me var midt i fyrsteslåtten selte me Gráskinna, Söngva og Ísafold.
SUMAR 2009
Så er våre komen til Sandalen. Epletrærne står i full bløming. Hønsene har fått seg nytt hus. Humla kryp oppetter låveveggen. Ei ugle har fått ungar inni loftet på låven. Heggen er på sitt flottaste og sist men ikkje minst - det er ein fryd å sjå på lamma.
Flott påskever på Kvamskogen
2009 Godt nyttår
Jol Den stolte mor saman med tre av borna.
Men, så kom hauststormane og drivhuset revna.
Hausten byrja med ein fantastisk tur til Eksingedalen saman med bokgruppa. Veret var strålande. Me diskuterte litteratur og gjekk på tur. Dette er utsikten frå hytta kor me budde.
Sumar 2008 No er snart både juni og juli over. Den eine siloen er full. Det var såvidt me vart ferdige før me dro på ferie til Island. Der var me på Landsmót og det var ei større oppleving enn eg hadde trudd.
Me budde på garden Snorrastağir som me gjorde førre året. Der kan me leige hestar og gå på vulkanen Eldborg. Dessutan har dei heittar pottur til kvar hytte.
Då me kom heim til den grøderike Sandalen var det berre å ta fatt på slåing og innhausting.
Mai 2008 No er sauene klypt og lamma er merka. Her vert dei sleppte på sumarbeite i Havrådalen kor dei skal beita saman med dyra frå den freda garden Havråtunet
17 mai feira me i Bergen i nydeleg ver.
Sviknotten er komen og stakkars Nótt har byrja å klø seg. Ho ser ut som eit spøkelse i denne klednaden, men det hjelper. Ho fekk sumareksem i fjor i ein alder av 18 år.
Gráskinna sitt føl vart fødd 29. mai. Eit hingsteføl. Sidan me har byrja kalla hinstane våre med enden ---fari, fortset me med det. Både fargen og finveret me har hatt gjer at me kjem til å kalla han Sólfari.
Boreplattformen som Ásmundur arbeidar på var på verkstad og me fekk høve til å koma ombord. Ei stor utfordring var det å klatra opp ein leidar til 25 meters høgd. Elles var jo maten god.
April 2008 Jeg velger meg april! av Bjørnstjerne Bjørnson Jeg velger meg april! Jeg velger meg april,
Vårens vakraste eventyr er lemminga som no er i full gong.
Asmundur må framleis køyra for til hestane som går ute.
Olav kjem heim og hjelpar til med kløyving av ved.
Ragnhild rir inn til siger i firgong og tølt og vert dermed klubbmeister i Gustur-2008.
Mars 2008.
Plutseleg kom vinteren, for ein dag eller to, med skikkeleg snøstorm.
Ingeborg helsar frå Ecuador
Ragnhild helsar frå Framnes.
Februar 2008. Sjøl om det er vinter er det innimellom nokså vårleg når hønene er ute og pikkar etter makk.
Sauene dreg på tur og stakkars Frøy freistar å hjelpa til med å henta dei, men ho er litt redd.
Ásmundur står ihvertfall på med vedberging.
Januar 2008. Det er vinter i Sandalen og tid for skogsrydding. Både storm, regn og hjort har sett spor etter seg. Heldigvis har me Hamre skule til å hjelpa oss. Lekkja syner fleire bilete frå gardsbesøket til Hamre.
I 2007 fekk me bygd oss ein ridebane. 20 gange 40. Kjempegreit, og for ein utsikt me har.
|
|
| * | |
|
01/30/2010 21:20
|
|